Bli med på ei musikalsk reisa tilbake til ei tid då båten til Byd´n gjekk på damp, folk sprang i tresko og alle elska gryta hennar mor.
Songar og skodespelar Linda Fosse tar deg med på ei musikalsk reisa med ”Gamle Dampen” i vår rikholdige kystkultur.
Du får i tillegg til "Dar kjem dampen" også oppleva ”Oldefar”, ”Utsikt frå Fløyen” og ”Gryta hennar mor” m.m. i denne humørfylte "mimrestunda" på omlag 45 minutt.
Kjente og kjære songar av Johannes Kleppevik, Salhuskvintetten og Ivar Medaas.
Korleis starta da heila eigentleg med denne songen som gjorde Medaas´en so kjent?
Du vert invitert med i engasjerande allsong og blir tatt med tilbake til ei svunnen tid du minnast so vél.
Linda er den første vinnaren av Medaasprisen i Noreg.
Den fekk ho m.a. for å vera ein artist i Ivar si ånd, samt alt arbeidet ho har gjort med lyrikken etter Aslaug Låstad Lygre.
"Linda er Noregs fremste tolkar av dikta til Aslaug Låstad Lygre" - Dag Lindebjerg
Linda har meir enn 25 år bak seg på dei skrå bredder og har sunget for både Kongen og Dronninga, har opptredd med artistar som Herborg Kråkevik, Elisabeth Moberg og Rein Alexander. Vore med i musikalar, show og teaterframsyningar. Vore på Norsktoppen, mottatt målpris og turnert landet på kryss og tvers med ulike oppsetningar.
Ho har framført sine eigne stykker både på Den Nationale Scene i Bergen og Det Norske Teatret i Oslo, samt på Ole Bull Scene i Bergen.
I juni 2023 leigde ho heile Grieghallen der ho framførte sitt eige show "Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?".
Regi var ved Agnete Haaland.
Lothepus, Cecilia og Dag Lindbjerg m.fl.
Framsyninga har gått sin seiersgang over heile landet i snart to ti-år og har vorte spela på ei rekkje scener rundt om i Noreg m.a. på Det Norske Teatret i Oslo.
Regi: Agnete Haaland
Meir om "Vi skal ikkje sova bort sumarnatta"I juni 2023 leigde Linda heile Grieghallen der ho trollbandt sitt publikum med sitt eige musikalske coachingshow "FØLG DRAUMEN! KORTID, VISST IKKJE NO?"
Eit begeistra publikum gav terningkast 6 og ståande applaus for Linda og hennar oppskrift på korleis vi alle kan våga meir og skapa eit godt sjølvbilete.
Blandt gjestane på scena var Lothepus, Cecilia og Dag Lindbjerg.
Showet vart i tillegg streama og du kan sikra deg opptak via knappen under.
Meir om konserten i GrieghallenFyll ut og få tilsendt uforpliktane info om prisar og speledatoar for "Dar kjem Dampen".